Therese Tungen si novellesamling Ein gong var dei ulvar er nominert til Ungdommens kritikerpris 2017/18.
Nominasjonsjuryens grunngjeving:
«Ein gong var dei ulvar inneheld seks lange og heilstøypte noveller som alle etterlèt lesaren i uro. Personane til Tungen blir plasserte i krevjande situasjonar, og lesaren får kjenne på eit mangfald av engstelege stemningar: Tungen slepper jamleg ukontrollerte og farlege element inn i forteljingane sine, og dødsmedvitet følgjer lesaren gjennom heile samlinga. Men Tungen meistrar både novelleforma og språket suverent, og temmer såleis denne uroa til stor litteratur. Novellene er forfriskande varierte i miljø, toneleie og tematikk, og dei lener seg lett mot ulike sjangrar. Likevel kjenner lesaren seg ivaretatt av den autoritative forfattarrøysta.
Tungen er både tradisjonsmedviten og original. Ho komponerer og timar forteljingane godt, og gjer forsiktig, men finstemt bruk av komikk, utan at det eksistensielle trykket blir dempa av det.»
Les meir om prisen og dei andre nominerte her.